Årsrapport PKU 2014-2015

Frå 2014 er Program for kuntnarleg utviklingsarbeid (PKU) organisert som ei statleg fellesoppgåve etter universitets- og høgskolelova sin § 1-4-4, med Kunst- og designhøgskolen i Bergen som operatør. Statlege midlar blir kanalisert til PKU for nasjonal konkurranse gjennom to ulike program, stipendiat­program­met (2003-) og prosjektprogrammet (2010-). Programstyret har 7 medlemmer og ein administrativ stab på 2 årsverk.

Stipendiatprogrammet

Ved utgangen av 2014 er det 53 registrerte stipendiatar i programmet. 34 av desse er tatt opp dei tre siste år og av desse er 9 stipendiatar finansierte frå institusjonane sine eigne budsjett, altså om lag ein fjerdedel av dei siste kulla. Det er fortsatt ikkje meir enn i alt 26 stipendiatstillingar å fordele mellom dei 12 institusjonane som er knytt til programmet, noko som gjer rom for eit årleg opptak på 8-9 stipen­diatar. Det årlige opptaket er kritisk lågt når ein ser på at fleire av institusjonane dekker eit vidt internt fagspekter. Program­styret har dei siste åra tatt til orde for at programmet bør disponere 45 stipendiat­stillingar og dermed ha rom for til eit årleg opptak på 15 stipendiatar. Institusjonane og programmet er klare for det og sektoren treng det. Program­styret foreslår ei auke med 10 stillingar i 2016 og legg til grunn den satsen som er brukt for rekrutteringsstillingar i framlegget til Statsbudsjett for 2015. Det gjer ei auke i budsjettet med 11,33 mill NOK.

Prosjektprogrammet

I 2014 hadde prosjektprogrammet 12 søknader. Prosjekta det vart søkt støtte til hadde ei samla ramme på 42,1 mill NOK. Når ein tar omsyn til institusjonane sin eigenandel, som er betydeleg, og prosjekta sine bidrag frå andre partnarar, var det totale søknadsbeløpet til programmet på 25 mill NOK. Prosjekt­programmet hadde ufordelte midler frå år før og kunne i 2014 gje tilsagn tilsvarande i alt 10,6 mill NOK. Det er over 70% meir enn året før. Dette gjer tildelinga til den største i programmet si levetid. Programstyret måtte likevel avslå fleire klart støtteverdige prosjekt. I søknadsrunden for 2015 hadde prosjektprogrammet i alt 18 søknader med eit totalt søknadsbeløp på 40,4 mill NOK. Programstyret har gitt tilsagn om støtte til 5 prosjekt med i alt 10,3 mill NOK over 3 år og eit prosjekt fekk ei tilleggs­løyve til eit større dokumentasjonsarbeid.

Styret ser det som viktig at bevilgninga til prosjektprogrammet kan åpne for prosjekt som er langt meir ambisiøse enn det budsjettramma gjer mogleg. Budsjettramma gjer på lang sikt rom for ei årleg tildling frå programmet på om lag 8,5 mill NOK. Den årlege tildelinga bør vere slik at det er rom for å finansiere enkeltprosjekt som over tre år ligg på 10 – 15 mill NOK. Den største tildelinga til no er på 3,8 mill NOK til eit prosjekt som med bidrag frå eigen institusjon og andre partar har ei totalramme på 6,3 mill NOK. Målet må difor vere ei rask opptrapping av prosjektprogrammet, slik at ramma kjem opp i 30 mill NOK per år. Det vil og bidra til at ein i sterkare grad kan sjå dei to delprogramma i ein større samanhengog etablere prosjekt som og har stipendiatar knytta til seg. Program­­styret foreslår difor ei auke i 2016 med NOK 10 mill NOK.

Les hele rapporten: Årsrapport PKU 2014 – 2015