Nytt direktorat blir skipa hausten 2018

Til hausten blir vi Diku, Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høyere utdanning.

Diku vidarefører verksemda til Senter for internasjonalisering (SIU), Noregsuniversitetet og Program for kunstnarleg utviklingsarbeid (PKU), som blei slått saman ved nyttår. I tillegg har direktoratet fått fleire nye oppgåver.
Diku skal fremme kvalitet i utdanning, med internasjonalisering, digitalisering og kunstnarleg utviklingsarbeid som verkemiddel.
Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku) er det fulle namnet på den nye verksemda, som er resultat av at Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU), Noregsuniversitetet og Program for kunstnarleg utviklingsarbeid (PKU) er slått saman.

Diku skal vidareføre verksemda til SIU, Noregsuniversitetet og PKU. I tillegg har direktoratet fått fleire nye oppgåver. Det skal forvalte tilskotsordninga Sentre for framifrå utdanning (SFU) og utdanningskvalitetsprisane, og det skal vere sekretariat for Lærebokutvalet for høgare utdanning.

Direktoratet skal fordele konkurransemidlar, men også ha andre oppgåver knytt til å utvikle og stimulere til kvalitet i høgare utdanning og fagskuler.Diku har hovudkontor i Bergen og kontor i Tromsø, med omkring 120 tilsette totalt.

Kunnskapsdepartementet kunngjorde i fjor ei omfattande omorganisering av sentrale administrative verksemder i kunnskapssektoren, som skal legge til rette for høgare kvalitet og meir effektiv oppgåveløysing. Samanslåinga av SIU, Noregsuniversitetet og PKU tredde i kraft ved nyttår, og frå hausten vil altså den nye verksemda ta i bruk sitt nye namn.

Lansering av tidsskriftet VIS

9 april 2018 lanseres VIS (visjournal.nu) – et nytt digitalt tidskrift om kunstnerisk forskning i Norden. Pilotnummeret, ”Issue 0”, inneholder ni eksposisjoner, som alle er koblet til og skapt i Research Catalogue.

Tidskriftet VIS er resultatet av et samarbeid mellom Stockholms konstnärliga högskola og Program for kunstnerisk utviklingsarbeid. Målet er at tidskriftet skal styrke det nordiske samarbeidet innen kunstnerisk forskning. Tidskriftet skal dessuten bidra med innsikt, kunnskap og bevissthet om metoder, etikk og kontekst i kunstneriske prosesser.

VIS på facebook
VIS nettside