Ingrid Eriksen Hagen: FORNUFT OG KJENSLE, Å FRAMFØRE MUSIKK AV CARL PHILIPP EMANUEL BACH

Motivasjonen for prosjektet er ein djup fascinasjon for musikken til Emanuel Bach, og eit ønskje om ikkje berre studere den sjølv for å forstå mest mogeleg, men også få lov til å formidle mest mogeleg av det eg finn til alle som vil høyre på.
Musikken kan til tider verke vanskeleg å kome inn på: Den er vanskeleg å spele, både teknisk og musikalsk, den er fryktelig tettpakka med innhald, og kan også vere full av lange repeterte seksjonar. Men gjennom den kompakte overflata bryter det eit personleg uttrykk som kan ta pusten frå ein.
Det er mange lag i musikken, og mange spørsmål å stilling til. Kva spørsmål som blir stilt, er avhengig av både fagleg og personleg innfallsvinkel: Ein utøvar som arbeider med eit prosjekt innan kunstnarleg utviklingsarbeid stiller – iallfall dels – andre spørsmål enn dei som blir arbeidd med i musikkvitskapleg samanheng. Konklusjonane vert slik annleis, der metoden er annleis.
Dei subjektive kvalitetane i repertoaret ser også ut til å tale svært direkte til kvar enkelt som fascinerast av det. Så også meg; eg har mine heilt eigne spørsmål som dukkar opp i møtet med repertoaret. Det er dette som gjer denne musikken eksistensiell for meg, og det er her eg vonar å tilføre fagfeltet noko nytt: Som utøvar, både innan faget Kunstnarleg Utviklingsarbeid, og i mitt personlege møte med Emanuel Bach sin musikk.
I prosjektet vil eg undersøkje utvalde verk av Carl Philipp Emanuel Bach ut frå utøvars og publikums perspektiv. Eg ønskjer å utdjupe skjønsemda mi av musikken, samt å prøve ut måter å formidle den til publikum på ein mest mogeleg beinveges og fullstendig måte.

Prosjektet vil munne ut i ein konsert, evt. kombinert med utstilling av dokumentasjon av arbeidsprosessen og delprodukt; både klingande, synlege og tekstlege.
Det vil også bli levert ein mastertape med lydopptak for CD, evt. i kombinasjon med bilete, video eller andre medier. Denne vil innehalde vidare arbeid med ein eller fleire spesielt interessante spor frå prosjektet.

For mer info om prosjektet, gå til www.cpebach.no

-->